Kongeriget Norges Grundlov

Mange tenkjer kanskje at mistillitsframlegg på grunn av eit innlegg på Facebook og klønete oppførsel i Stortinget er feil eller i det minste ein overreaksjon. Listhaug har verken brote konstitusjonelle plikter eller gjort seg skuldig i noko lovbrot. Dessutan har ho bede om orsaking – om enn ikkje spesielt truverdig, må eg seie.

Det at ein statsråd kan bli tvungen til å gå av som følgje av moralsk klander, og dra regjeringa med seg i dragsuget, illustrerer at vår styreform, parlamentarismen, handlar om éin ting: fleirtalets tillit.

Wollert Konow

Det handlar ikkje om kva parti som er størst så lenge partiet ikkje har fleirtal. Det handlar ikkje om kva du gjer eller ikkje gjer som statsråd så lenge fleirtalet meiner du ikkje er skikka til vervet. Ingen person eller parti har rettskrav på statsrådstaburettane. Wollert Konow (Frisinna Venstre) vart pressa av stortingsfleirtalet til å gå av som statsminister i 1912 for å ha handla som ein klok, rettskaffen og framsynt statsmann og patriot: Han uttrykte sympati for landsmålet.

Fleirtalets jarnlov i vårt parlamentariske styringssystem gjer at mistillitsvedtak mot Sylvi Listhaug for ei Facebook-melding ikkje vil vere problematisk statsrettsleg. Like lite som at Stortingets største parti, Arbeiderpartiet, ikkje får sitje i regjering. Grunnen er at fleirtalet på Stortinget vil det annleis.

To enkle reglar

Rettsreglane som styrer tilgangen til statsrådstaburettane, og til den utøvande makta, er veldig enkle. Det er i hovudsak snakk om berre to reglar.

Den fyrste regelen og utgangspunktet er at kongen (formelt) og statsministeren (reelt) saman vel statsrådane. Dette følgjer av § 12 i Grunnlova, som må lesast saman med § 31 som krev at statsministeren kontrasignerer alle avgjerdene til kongen. Til våre folkevalde generelt og høgresida spesielt tek til vettet og avskaffar monarkiet, er det altså denne litt kronglete reguleringa som er utgangspunktet for regjeringsdanninga.

Den andre regelen følgjer av Grunnlova § 15, og denne er hovudregelen i vår parlamentariske styreform. Denne regelen seier at eit fleirtal på Stortinget, når som helst og utan ein bestemt grunn, kan pålegge regjeringa eller ein statsråd å gå av gjennom eit vedtak om mistillit. Formelt pålegg eit mistillitsvedtak ei regjering eller ein statsråd ei rettsleg plikt til å levere avskilssøknad til kongen, som for sin del har plikt til å godkjenne denne. Det er straffbart for ei regjering eller ein statsråd å nekte å etterkome eit mistilitsvedtak. Det vil vere eit statskupp.

Utpressing er lov

Desse to enkle reglane gjev stort spelerom for politikken. Norsk parlamentarisme er hestehandlaranes arena. Politisk utpressing er lov.

Erna Solbergs varsla kabinettspørsmål er ein vanleg reaksjon mot eit mistillitsframlegg. Statsministeren trugar her Stortinget med å gå av, og spelar på at stortingsfleirtalet, i dette tilfellet Krf, får kalde føter fordi dei sjølve vil tape på at regjeringa går av. Dette er parlamentarisk pokerspel. Kabinettspørsmålet kan òg vere ein bløff. Regjeringa har ikkje ei rettsleg plikt til å gå av dersom den tapar eit kabinettspørsmål, sjølv om det er vanleg. Regjeringa Bondevik valde i 2000 å gå av etter å ha tapt eit kabinettspørsmål.

Opposisjonen på si side brukar trugselen om mistillit til å presse fram eit statsrådsskifte. Arbeiderpartiet og Senterpartiet har nemleg varsla at dei kan godta at Sylvi Listhaug blir sitjande som statsråd, berre ho blir flytta til eit anna departement enn justis- og beredskapsdepartementet.

Er dette god statsrett? Her kan det nemleg innvendast at statsministeren då blir «instruert» av stortingsfleirtalet til organisere regjeringa, og at ein slik instruks vil vere i strid med regjeringas einerett etter Grunnlova § 12 til å organisere departementa og styringa av dei. Eit stortingsvedtak som instruerte statsministeren til å plassere Listhaug i eit anna departement er grunnlovsstridig og dermed ugyldig. Her er det likevel ikkje snakk om noko stortingsvedtak om statsrådsplassering. Støre har berre sagt korleis Listhaug kan unngå mistillit. Altså politisk press.

Alt etter boka

Støres utspel er ikkje eit brot med dei statsrettslege spelereglane. Det er faktisk ikkje spesielt i seg sjølv at stortingsfleirtalet brukar trugsel om mistillit som pressmiddel for å få den regjeringa fleirtalet ønskjer.

Også ordinære regjeringsskifte skjer med mistillitsvedtak som ris bak spegelen: Ei regjering som tapar eit stortingsval blir ikkje automatisk avsett, men må gå til kongen og søkje om avskil etter reglane i Grunnlova § 12. I dag er det politisk automatikk i dette, men statsrettsleg er regjeringas avskilssøknad ein måte å kome mistillitsvedtak i forkjøpet på.

Det som er spesielt i denne saka, er at den gjeld ein statsråd og ikkje heile regjeringa. Elles er alt etter boka.

(Debattinnlegget ble publisert på Minerva 18.03.2018.)